Stefan var det eldste barnet til Inger og Audun. Han vart født 6. november 1984 og var såleis 32 år gamal når han no døydde. Stefan var eldst av sju søsken.
Han vart fødd på KK i Bergen og budde i byen dei to første åra. Frå han var to til han var åtte budde han i Øygarden. Etter eit år i Øystese budde han i Olsvik til han var sytten år gamal.
På vidaregåande gjekk han på IKT-linje og budde i Øystese. Etter 3 års læretid og 1 år som IKT konsulent på Voss, flytta han til Norheimsund og byrja å arbeida i firmaet til faren.
Etterhvert fikk han sitt eget drosjeløyve.
Han begynte også i deltidsstilling i Norheimsund og Øystese Brannvesen, hvor han jobbet helt til nå
Det å vera omgjengeleg er ein god eigenskap å ha når du er drosjesjåfør. Og det var Stefan. Passasjerane hans sette pris på at han var service-instilt, det var ikkje måte på kor han kunne dulla med passasjerane sine. For Stefan hadde sut for andre menneske. I den eine drosjebilen hadde han ein eigen krakk bak som han tok fram når passasjerane var dårleg til beins, slik at det vart lettare for dei å koma inn i drosjen.
Søstera Jeanette minnast at då dei gjekk saman på Olsvik skule og da Stefan laga kake i heimkunnskap, kom han ut med kake til henne i friminutta. På skulen passa han på henne!
I si tid var han med i elevrådet ved Olsvik skule. Og då vart det hans oppgåve å halda 17. mai-tale på skulen, ei oppgåva han klara med glans.
Når det var rydding i borettslaget i Olsvik, stilte Stefan opp, positiv og hjelpsam. Han var ein høfleg, smilande og grei gut i oppveksten!
Og han var utadvent: Når familien reiste på charterturar til syden, fekk han nye kameratar på hotella før bagasjen var pakka ut. Han fant lett nye vener.
Stefan var flink med data. Om nokon rundt han trong hjelp, var det berre å ta ein telefon til han, og så kunne han trø til over telefonen. Som ung gut forstod han meir enn dei meste, og tolv år gamal fekk han, trass faren sin uttala skepsis, liv att i den kollapsa pc-en heime.
I påskeferiane reiste han på Data Party i Vikingskipet i Hamar. Han måtte gå fleire gongar inn på bussen for å få alt datautstyret til den store spelfesten med seg. Og her vart han linselus, på ein reportasje frå påskefeiringa i Vikingskipet dukka han opp i eit hjørne på skjermen.
Jon, bestekameraten som han gjekk i lære saman med, seier at Stefan var den som fekk han med ut på ting. Dei gjorde mykje moro saman, alt frå å festa saman til å henta bil på andre sida av landet i ein gamal bil utan varmeapparat, berre med kvarandre som underhaldning. Pakk undiken, kunne han seia, me reiser til Oslo. No! Og då gjorde det ikkje noko om klokka var tolv, om natta!
Familen hans smiler enno av kjøleskapet som skulle verta svart, og vart det, før Stefan spraya det oransje. Men til slutt var det svart att, Stefan fann fram slipemaskina att og gjorde arbeidet ein gong til, slik at søstera fekk det skapet ho ville ha.
Då «You tube» kom, la han ut festlege videoar, mellom anna av grilling av pølser med propanbrennar.
Stefan var enkel å be! Han arbeidde hjå faren og lærte seg mellom anna å leggja fliser og å snekra!
Stefan kunne litt om alt. Og han ville ha det nyaste av det nye, og skaffa seg den eine etter den andre av alskens duppedittar etter kvart som dei kom på marknaden. Han arbeidde og på den måten fekk han råd til det han syntest han trong.
Stefan var ordentleg i det han haldt på med. På nokon område i livet var han eit petimeter…. Berre det beste var godt nok!
Då han ramla ned i 2010, var det ikkje vanskeleg for familien å gå inn og gjera sitt til at drosjenæringa hans kunne fortsetja. Alle papir var i orden, all økonomi var det stell på. Det var tima og tilrettelagt!
For etter ei rappelleringsøving var han uheldig og sklei ned fem-seks meter. Men etter seks månadar med rehabilitering, kom han seg attende i arbeid.
Alt året etter ulukka sykla han Bergen Voss. Og i motbakkeløpet Skåla opp stilte han i konkurranseklassen. Han tåla å tapa og han likte å konkurrera! Og han tok kvardagen attende!!
Etter rehabiliteringa trefte han Elise. Elise Thunes kom frå Arna, men dei møtte kvarandre på Voss. Dei vart glad i kvarandre, Stefan kunne henta Elise midt på natta, på ein returtur, og ta henne med inn att til Norheimsund.
Og det vart her i Norheimsund dei busette seg, etter kvart som mann og kone. Og Stefan, som ikkje skulle ha barn, det hoppar over min generasjon, kunne han seia, vart far til tre, først Styrk i 2012, så Olai i 2014 og Eliva i 2015. Yndlingst T-skjortene hans var de med tekstene «Pappa siden 2012» og «Verdens beste Taxi pappa».
Stefan var svært flink å leika med barna og underhalda dei. Til jul var dei alle i skogen og hogg juletre. Og det var om å gjera å ha det mest stygge treet. For om ikkje treet var perfekt, så var turen det! Og i fjor kjøpte dei båt.
Stefan tok dei og med på sykkelturar, ein bak sitt eige sete og ein i sykkelvogn bak sjølve sykkelen. Og det var kjekt å dra å bada med borna i nærliggjande basseng.For då Stefan vart far, var det viktig for han å ta familien med seg på turar i ein elles travel kvardag. Og familien hans har gode minne etter båt- og bålturar, dei kunne dra på telttur og byggja sin eigen gapahuk.
Stefan sa det han tenkte. Han haldt ikkje på så mange løyndomar. Han var sosial, livsglad og arbeidsam.Nyårsaftan bada han alltid sjølv i Hardangerfjorden, dette var ein tradisjon Stefan haldt oppe saman med noen av venene sine.
Stefan likte å reisa, han var det me kan kalla ein bereistmann. Han hadde vore i Machu Picchu, på Cuba, i Rio de Janeiro, han var i London, og då Elise og han gifta seg, kunne det ikkje vera noko mindre enn at dei gjorde det i Paris.
Dei næraste seier at det var lett å verta glad i han. Det gjekk ikkje an å verta sint på han.
Elise seier Stefan var til å stola på. Han arbeida hardt med å få hjula til å gå rundt.
I tillegg til sitt arbeide med drosje og i brannvesenet var han var også aktiv i Norheimsund Røde kors hjelpekorps. Han var og med i Hardanger sykkelklubb.
No er Stefan død. Og de sit att med minna etter ein god ektemann, far, son og svigerson, bror, svoger og onkel, han var barnebarn, nevø, fetter, slektning, ein god ven<a id="_GoBack" name="_GoBack"></a>, kollega og nabo.
Me lyser fred over det gode minnet til Stefan Thunes Jensen.