Savner deg <3
Takk for mange gode minner og gode samtaler.
Tusen takk for alt Terje. Hvil i fred. Kjersti. Tormod og Gert
Takk for alt kjære pene, rare, kunnskapsrike tøysekoppen av en bror. Glad i deg.
Dikt til Terje.
SÅ DROG DU DÅ
Eg ana ei skute
med slukte lanterner
gli sakte ut leia
sist natt
Vart borte på endelaust hav
Kor er du no
Kan hende seglar du
det siste havet
den siste stormen
før du ein stille morgon
sakte
glid inn på ein våg
I eit land der alle er like
Der Think er Tesla
og Tesla er Think
Der elvar renn stille
Der smerter aldri
slepp inn
Vent på oss der
kjære ven
Vent på oss der
Nils-Egil Kjesæth
Oktober 2020
Takk for gode minner fra unge år i Liabakkane.
Takk for gode minner og artige dager som kollegaer i Alvøen
Takk for alle meningsfulle samtaler om vannrensing, filter og automatikk på Gamlehytta i Brandsøy. Stolt over å ha kjent deg, og stått så nært deg.
Takk for alle gode minner og alt du var for oss. Takk for gode fetterklemmar, .Kvil i fred
Takk for at du gjennom ditt vesen lærte meg noko om uforbeholden kjærleik og det å le langt nedi magen. Takk for dei litt kløande skjegg-klemmane som var så gode og lange at ein kunne bekymre seg for om ribbeina skulle halde seg gjennom klemmen.
Kjærleiken og glimtet i auga dine, det hadde du for alle oss fem barna og to barnebarna som kom inn i livet ditt på ulike vis. Og til dei mange andre du har vore glad i og som har vore glad i deg. Du var lett å bli glad i. Og eg er så glad du og vi også har hatt Marit rundt oss til velsignelse for oss alle dei siste nærare 20 åra.
Takk for all pappahumoren og ordspela og den bortimot konstante hang til bruk av anagram (ordet "brukskunst" har for alltid mista si uskuld og kvar gong eg ser ordet må eg knise ; takk skal du ha for til dømes den moglegheita for kvardagslatter ).
Takk for at du lærte meg at det er heilt okei å vere litt rar og å brenne for ting og emner som andre ikkje nødvendigvis forstår seg på. Fred over minnet ditt, du varme, vakre, energiske, eksentriske, snille og morosame mann. Vi møtast igjen. ..."Hist ved floden", som du brukte å seie før i tida når vi sa hadet i telefonen.
Først no har eg skjønt at det med hist ved floden kjem frå ein salme. "Skal vi møtes hist ved floden, der hvor ingen bølge slår På den lyse himmelkloden, hvor ei felles noen tå'r"
No får seiemåten din ei heilt ny meining, sjøl om du aldri var så veldig bibelkristen akkurat. Ja, vi møtast der, Pappa.
"Glad i deg!" sa du også alltid når vi sa hadet. Eg syns det var litt kleint sjøl om eg blei glad. No er det ein ting eg sjøl seier så ofte som mogleg. Det lærte eg av deg. For ein veit aldri når det er siste gong ein får seie det med ord. Plutselig er det for seint. Plutselig kan ein berre seie det med ein klem, trykke i handa, blinke tre gonger med blanke auge fordi ein ikkje har språk.
Gler meg til neste latterkrampe og roadtrip! Håpar du har med deg på ferda kjensla av både då vi reiste på Ford-treff med den blå Ford 17M-en som var så rusten (men du kraftelska den likevel sjøl om den strengt tatt var ubrukelig)... at eg kunne sitte bak og sleppe ting ned i dørken og sjå dei forsvinne bakover mens du leverte teite vitsar og eg himla med augene og lo høgt, og eg trur vi hadde den svartaste motoren å vise fram på treffet, du var like stolt og var din eigen fyr og folk syns sikkert du var rar men det brydde du deg lite om. .... Og i nyare tid med Teslaen. Med ditt blide entusiastiske -juhuuuu! Kjenn kor fort vi fer, døtra mi!!
Takk for alt du har vore for oss, gode mann. Saknar å le med deg.