Kjære Øyvind. Dette er så trist og uvirkelig. Du var ein fantastisk kollega. Støttande, svært inkluderande og alltid ein god kommentar på lur. Mi første vakt jobba vi to saman, det tok vel ca eitt min før vi prata saman som om vi hadde kjent kvarandre lenge. Du fekk oss andre til å føle oss bra. Som eit godt minne av mange hugsar eg ein 17. Mai vi jobba saman, du tilbragte store deler av vakta sittande fast i heisen. Du tok det sjølvsagt med humor og hadde gode kommentarar til meg utanfor. Du var så dyktig på å skape godt arbeidsmiljø, vi var ikkje berre kollegaer, vi var venner. Det var viktig for deg at vi skulle ha det kjekt saman alle. Og det hadde vi.
Du var utruleg stolt av dine nærmaste, og når du gjerne offa deg litt, var det lett å skjønne at dette berre var den vestlandske måten å rose på, stoltheita lyste gjennom. Du snakka mykje om Jannicke, barna dine (med sambuarar), barnebarna og bestekompisen din. Varme tankar til alle dine nærmaste.
Takk Øyvind, kvil i fred. Heidi
Vis mer
Vis mindre